Velkomen til møte om budsjett 2026 og bydelsreform 2028 🌹
Arrangement
8. des, kl. 18:00 – 20:00, Drammensveien 60, Frogner bydelshus, møterom HUK
Dine synspunkt til budsjett og bydelsreform 🌹
Vi er i ei brytningstid - Økonomisk og Organisatorisk
BUDSJETT 2026
Byrådet (H/V) har for 2026 forslått ei vesentleg redusert budsjettramme for kommunen og bydelane. Vi inviterer deg til medlemsmøte for å diskutere samen med gruppeleiar Inger Huseby (BU), Jon-Torgeir Lunke (BU) og nestleiar i Oslo Ap Abdullah Alsabeehg om kva vi bør prioritere i budsjettforslaget for bydel Frogner. Bydelens budsjett skal BU vedta 16. desember 2025
BYDELSREFORM 2028
Byrådet (H/V) har på høyring forslag om ein omfattande bydelsreform. Byrådet foreslår at bydel Frogner skal slå seg saman med bydel St. Hanshaugen og delbydel Skøyen,
Bydelsutvalet skal sende si høyringsuttale til forslaget i BU- møte 6. januar 2026. Vi inviterer deg som medlem til å diskutere reformforslaget og gje innspel til Inger og Jon-Torgeir som vi kan bruke inn i høyringssvaret på vegne av Frogner Arbeiderparti.
Saksunderlag bydelsreform vedlagt som dokument og meir utfyllande i lenke. Lenke til budsjettforslag (publisert 21. november)
Program
Opning ved FAP v/ BU medlem Inger Huseby og Jon-Torgeir Lunke (5 minutt)
Bydelsreform i Oslo (til ca. 19:00)
Nestleiar Oslo Ap, Abdullah Alsabeehg (15-20 min)
Kommentar Inger Huseby og Jon-Torgeir Lunke frå BU- gruppa (5-10 minutt)
- Diskusjon og innspel i plenum (30 minutt)
Budsjett 2026 for Oslo kommune og bydel Frogner (til max 19:55)
Innleiing av Abdullah om Oslo budsjettet (5-10 minutt)
Budsjett for Frogner bydel v/ Inger Huseby (ca. 20 minutt)
- Diskusjon og innspel i plenum (20-25 minutt).
Avslutning v/ Jon-Torgeir og Inger (kl. 19:55)
Høyringsnotat- bydelsreform 2028.pdfLenke: Bydelsreformen- komplett dokumentarkiv
Saksunderlag_Bydelsadministrasjon_Forslag.pdfLenke: Budsjettforslag 2026 for Bydel Frogner
Lesevegleiing etter at du har klikka på lenka til budsjettforslag:
- Bruk "Meny" - knappen opp til høgre og naviger i budsjettet
- Vel funksjonsområde- og klikk på "Innhold på denne siden" (Rammeoversikt viser forslag til nye tiltak og konkrete innsparingstiltak)
Nestleder i Oslo Arbeiderparti, Nestleder for bystyregruppa, Nestleder i Samferdsel- og miljøutvalget, Abdullah Alsabeehg
Gruppeleder Ap og BU- medlem Inger Huseby
Medlem av Frogner bydelsutvalg, Jon-Torgeir Lunke